Kommentar

Best med ball

Dokumentaren om Diego Maradona framsyner på meisterleg vis den umoglege spagaten den argentinske legenden stod i som både ein feira fotballgud og ein sårbar, sjenert privatperson.

I mai 1987, like etter at Napoli for første gong i si historie hadde vunne Il Scudetto, meistertittelen i italiensk Serie A, verdas (den gongen) rikaste og mest prestisjetunge fotballiga, tilføyde einkvan ein inskripsjon på muren utanfor ein av byens gravlundar. Det stod: «De anar ikkje kva de går glipp av.» Lagets store stjerne, Maradona, uttalte at triumfen var det største han hadde opplevd i livet, større enn då han leia Argentina til siger i verdsmeisterskapet i Mexico året før, fordi dette var første gong han hadde kunna feire ein stor tittel på heimebane, omgjeven av sine eigne.

Folket i Napoli hadde i sanning teke imot han som sin eigen. Den Oscar-vinnande britiske regissøren Asif Kapadia sin ferske dokumentar – ganske enkelt titulert «Diego Maradona» - byrjar på det mest napolitanske vis som tenkjast kan, med ein hasardiøs biltur gjennom byens tronge gater til dens andelege samlingspunkt, det mektige Stadio San Paolo, kor det vesle ballgeniet skal presenterast for presse og publikum etter rekordovergangen frå Barcelona. Medan Diego tek plass framføre kamera og mikrofonar, høyrer vi det taktfaste ropet runge frå meir enn 80.000 menneske på tribunane: «Diego! Diego! Diego! Diego!» Etter pressekonferansen ruslar Maradona ut på grasteppet, vinkar til sitt ekstatiske publikum, smiler – sjenert og overvelda – og triksar litt med ein fotball før han sparkar han ut i folkemengda. Jubelen vil ingen ende ta.

Symbiosen mellom Maradona og Napoli var både perfekt og paradoksal. Overgangen var i utgongspunktet absurd. Byen var lutfattig, vanstyrt og kolerabefengt, men no hadde altså den lokale fotballklubben – som hadde få framgongar å vise til i løpet av sin 60-årige eksistens – kjøpt verdas beste og følgjeleg dyraste spelar. Den første journalisten som får ordet under pressekonferansen på San Paolo overrumplar Maradona med å spørje om han kjenner til Cammoraen – napolitansk mafia – og hintar om at denne kan ha bidrege til å finansiere overgangen. Klubbpresidenten Corrado Ferlaino grip mikrofonen i heilag harme, skuldar journalisten for å ha forulempa både klubben og byen, og forlangar at han forlet lokalet sporenstreks. Diego sjølv ser ut som om han tenkjer: «Kva i helsiken er det eg har rota meg opp i?»

Filmen til Kapadia består i sin heilskap av arkivopptak, og bruken av opptaket frå pressekonferansen er eit klassisk døme på det velkjente forteljartekniske grepet «frampeik». I løpet av tida i Napoli skulle Maradona nemleg kome til å knyte «venskap» med fleire sentrale medlemmer av den berykta Giuliano-klanen. Men mafiosi inngår ikkje «venskapsforhold» av andre årsaker enn eigeninteresse: I tilfellet Diego var dei opplagt keen på å sole seg i glansen frå verdsfotballens største stjerne, samstundes som dei òg i aukande grad kontrollerte han i takt med at kokainmisbruket hans eskalerte.

«Diego Maradona» skildrar ein ekstraordinært talentfull og karismatisk, men samstundes sky og sårbar person i kontinuerleg indre kamp mot seg sjølv. Trass i at han hadde ein kjærleg og støttande familie kring seg, var han heile tida prega av ei grunnleggjande kjensle av utanforskap, som både motiverte han og martra han med tvil. Sånn sett var han ein idéell andeleg leiar for Napoli, ein by og ein klubb som vekselvis vart ignorert og uglesett av det velståande Nord-Italia. Når Diego og lagkameratane spelte bortekamp i Milano eller Torino, vart dei møtt med sjikanerande banner som kunngjorde at dei var skitne, og uttrykte håp om at Vesuv måtte «vaske dei reine med eld». Å ta rotta på Milan og Juventus i Serie A handla såleis om noko anna og langt meir enn ganske enkelt å vinne eit fotballtrofé, det var eit spørsmål om sjølvrespekten til hundretusenvis av menneske som i ein tøff kvardag ikkje hadde så mykje anna enn sjølvrespekt å støtte seg til.

Ein av dei som kjem til orde i filmen er Fernando Signorini, som var den personlege trenaren til Maradona under tida i Napoli. Signorini skiljer skarpt mellom privatpersonen Diego og det offentlege fotballikonet Maradona, og fortel at han ei gong fortalde han at han ville gått til verdas ende for Diego, men ikkje eitt einaste skritt for Maradona. «Du har rett», skal Diego Maradona ha svara, «men var det ikkje for Maradona, ville Diego framleis vore i Villa Fiorito» (slumområdet utanfor Buenos Aires kor Maradona vaks opp, journ. anm.).

Det har neppe vore nokon fotballspelar som har vore høgare elska enn Maradona var i Napoli då han stod på høgda av si makt. Men ettersom åra gjekk, medførte det turbulente privatlivet hans at forholdet til både klubben og supporterane gradvis vart meir anspent. Konflikten vart akutt sommaren 1990, då Italia og Argentina møttest i semifinalen i VM. På San Paolo. Det napolitanske publikum var splitta i valet mellom sitt land og sin fotballgud, i det dei både ropte kjærleg på «Diego, Diego» og laga pipekonsert under den argentinske nasjonalsongen. Argentina vann etter straffekonk, og dermed var kjærleiksforholdet mellom Napoli og Maradona i praksis over. Han mista det vernet han hadde stått under frå både pressa og Camorraen, og seks månader seinare vart han teken i doping og forlot sin adopterte heimby i vanære.

Verken klubben, byen, spelaren eller mennesket vart nokon gong heilt dei same igjen.

Mer fra Dagsavisen